Spansk er det tredje mest brukte språket i verda. Over 400 millionar menneskje snakkar spansk, og av desse har over 350 millionar språket som morsmål. Majoriteten av dei som har spansk som morsmål bur i Latin-Amerika. Spansk høyrer til den italiske greina av dei indo-europeiske språka. Over 20 land har spansk som offisielt språk. Nokre av desse landa er Argentina, Bolivia, Chile, Colombia, Cuba, Den Dominikanske Republikk, Ecuador, El Salvador, Guatemala, Mexico, Nicaragua, Paraguay, Peru, Puerto Rico, Spania og Venezuela. I over 60 land spelar spanskspråket ei vesentleg rolle.
I spalta “Spanskkurset” skriv eg eit par spanske ord no og då. Desse orda samlar eg inne på denne sida, slik at det tilslutt blir ei lita ordliste. Vinteren 09 var eg i Latin-Amerika og gjekk på språkskule i Guatemala. Der lærte eg meg ein del, men uheldivis går det fort i gløymeboka. Derfor, for å prøve å halde det vedlike og kanskje lære litt meir, skriv eg nokre ord og setningar her i ny og ne. Så får vi sjå korleis det går. Har du nokre kjekke spanske ord, så er det berre å kome med dei. Gracias.
Nyttige setningar og fraser:
Buenos días – God dag (Dette seier ein fram til lunsj)
Buenas tardes – God ettermiddag
Buenas noches – God kveld / natt
Hasta luego – Vi sjåast
¿Cómo estás? – Korleis har du det?
¿Qué te pasa? – Korleis går det med deg?
Por favor – Er du snill, takk (når ein ber om noko)
Gracias – Takk (når ein får noko)
Perdón – Beklager
De nada – For all del, berre hyggeleg
Muy amable – Det var snillt
Mucho gusto – Hyggeleg å møtast
Hola, me llamo Heidi – Hei, eg heiter Heidi
Vivo en Ørsta – Eg bur i Ørsta
Mi nombre es Heidi – Mitt namn er Heidi
Pescado – Død fisk
Me gustas tu – Eg likar deg
Me siento muy bien aqui – Eg har det veldig bra akkurat no
No quiero – Eg vil ikkje ha
Prefiero – Eg føretrekk
Estoy miranda – Eg berre kikar
¿Como se escribe? – Korleis skriv ein det?
¿Como se dice en español? – Korleis seier ein det på spansk?
Tengo una pregunta – Eg har eit spm.
Nyttige verb:
Aprender – Å lære
Hablar – Å snakke
Trabajar – Å arbeide
Bailar – Å danse
Ayudar – Å hjelpe
Viajar – Å reise
Comprar – Å kjøpe
Probar – Å prøve
Uregelrette verb:
Ser – Å vere (Soy, eres, es, somos, sois, son)
Ir – Å gå/reise (Voy, vas, va, vamos, vais, van)
Tener – Å ha (Tengo, tienes, tiene, tenemos, teneis, tienen)
Venir – Å komme (Vengo, vienes, viene, venimos, veneis, vienen)
Saber – Å vite (Se, sabes, sabe, sabemos, saben)
Esto es genial! tú eres genial:)
abrazos