Feeds:
Innlegg
kommentarar

Lago de Atitlan, Guatemala

Slik ser ein fiskar frå Guatemala ut.

Trangesmauet

No er det jammen meg lenge sidan eg har skrive noko her på bloggen. Har liksom ikkje hatt noko å skrive om. Men akkurat no, som mange andre gongar i det siste, kom eg til å tenkje på at det ikkje er lenge til eg skal flytte ut. Sånn på skikkeleg flytte ut, ikkje berre sånn folkehøgskule-flytte-ut. Det er heilt sjukt. Rett og slett. Og akkurat dette tenkte eg å skrive nokre ord om no.

For om litt over to månader har eg rett og slett flytta til Bergen. Bergen liksom? “Kva skal ein i Bergen, der regnar det jo berre..”, tenkjer du sikkert. Og ja, det gjer kanskje det, men eg trur det blir bra. Rett og slett. Eg gler meg til å kjøpe regnfrakk og støvlar og sykle til skulen kvar dag. Eg gler meg til å kome heim til leiligheita i Trangesmauet og sette meg ned i sofaen, kanskje sjå på TV, kanskje lese ei bok eller kanskje berre høyre på musikk og slappe av.

Stova

Ja, for eg har faktisk fått meg leiligheit. Saman med Anders. Og den ligg på Nordnes i Bergen. I idylliske omgivnader, med små kvite hus nede ved sjøen skulle ein nesten tru ein var på Sørlandet. Men den gang ei. Det er i Bergen. Ikkje la deg lure. Dessutan trur eg regnet minner ein på det nokså ofte. Morosamt at eg er så oppteken av dette regnet, men merkar at eg er veldig forberedt på det. Kanskje likså greit, så kan eg bli litt positivt overraska ovar at det faktisk ikkje regnar så mykje som eg trur det gjer..

Kjøkkenet

Men i allefall. Eg gler meg. Eg gler meg til å flytte heimanfrå, til å byrje å studere, til å handle ting på IKEA og til å seie “oj, vi har ikkje ostehøvel”, “oj, vi har ikkje potetskrellar” eller “oj, vi har ikkje brødfjøl”  lenge etter at vi trur vi har kome i orden. Det blir nok bra.

Bunad og slikt

 

 

Bileta er frå avslutninga på folkehøgskulen og frå 17. mai i Ørsta.

Jammen kjekt å gå i bunad altså.

Det skjer

SJUKT så fort tida går fortida. Alt skjer. Alt har skjedd. Årboka har blitt ferdig. 70 timar utan effektiv søvn har forlengst blitt tatt igjen. Skjelvinga i knea etter å ha gått  på slakk line 15 meter over bakken har gitt seg. Sjokket etter elgen har roa seg. Sommarjobb på Aasentunet er i boks. Leiligheit i Bergen er nesten fiksa. Året på Valdres Folkehøgskule er snart over. Mamma og  pappa kjem imorgon. Det er familedag og avslutning om to dagar. Det er sommarferie neste torsdag. SJUKT.

Elgen

Det var ei mørk og kald natt. Bålet var utbrendt, og eg hadde krølla meg godt saman i soveposen. Ingen andre personar var å finne i den mørke skogen denne natta. Berre meg, soveposen og gapahuken min. Søvnen hadde tatt meg, og eg vakna brått av eittkvart som rørte seg utanfor presenninga. Kva var dette? “Drit i å kødd med meg”, tenkte eg med det første, men kom på at det ikkje var så mange personar rundt meg som kunne kødde med noko som helst, så eg fann ut at dette måtte vere noko anna.. Eg blei stiv av skrekk..

Ein ELG stod rett utanfor presenninga mi. Herre min hatt så redd eg blei. Elgar er store dyr..

Flaks læraren min ikkje nemnde at det har vorte observert mange tilfeller av bjørn på Leira den siste tida før etter at eg kom ned igjen. Eg hadde problem nok med å sove som det var.

Du må ikke sove

Klokka er 05.30. Eg sit oppe for andre natta på rad. Augene svir, hovudet verkar. Ein stor kopp med kaffi held i skrivande stund på å bli pressa ned medan reggaerytmer strømmer ut frå dataen i bakgrunnen. Æsj. Til kaffien altså. Eg sit på rom 55 på Skautun og jobbar. For eit himla styr! Heldigivs har eg godt selskap. Eg trur eg skal legge meg snart, men må nok stå opp om eit par-tre timar uansett. Nei, eg er vaken. Går heller ut og luftar meg.. Det byrjar å bli lyst ute.

PS. Minn meg på å ALDRI lage årbok igjen.

Dagens høgdepunkt

På toppen av Smørliefjell

Roadtrip

Det heile starta laurdagskveld klokka 22.17. I mangel på noko å finne på bestemte Kaya, Hilde, Charlotte og eg oss for å kjøre oss ein liten biltur. Vi brukar som regel å kjøre oss ein liten biltur når vi ikkje har noko å gjere på, men denne gongen skulle vise seg å bli litt utanom det vanlege..

Vi sette oss i bilen, og kjørte avgårde. Etter å ha kjørt i om lag ti minutt skjedde det plutseleg noko drastisk. «Vi skal ikkje ta å ta oss en svipptur til Oslo då?» glapp det plutseleg ut av munnen min. Crazy ide, med tanke på at vi i utgangspunktet var ganske trøytte og at vi i tillegg skulle ha skileikdag dagen etterpå. Men, merkeleg nok slo ideen an hos dei tre andre, og like etter var vi på veg til hovudstaden. Klokka hadde bikka 22.40 og vi hadde 18 mil framfor oss.

Humøret var på topp, og med Charlotte bak rattet gjekk det som ei kule. To og ein halv time etterpå ankom vi hovudstaden, og det første som skjer når vi går ut døra er at det kjem to fulle, totalt framande Sunnmøringar, innflytta sådan, bort til oss og spør om vi veit om ein fest. Kor tilfeldig er ikkje det? I allefall, vi fekk til slutt kvitta oss med wannabe-Sunnmøringane, og gjekk vidare mot Karl Johan. Det var mykje liv ute i gatene, og vi fekk mange rare blikk der vi sprada rundt med joggebukse og joggegensar blant alle bertene i korte miniskjørt og tights. På Stortinget måtte vi stoppe å ta bilete som bevis på at vi hadde vore i Oslo. Dette blei ein stor hitt for alle som gjekk forbi, og tilslutt samla det seg ei heil folkemengd som ville bli fotografert saman med oss, deriblant ein rølpete supportergjeng frå, ja, rett og slett AaFK. Og faktisk, om ikkje det skulle vere nok, så klarte eg å møte på heile to Sunnmøringar til på denne korte stunda eg oppheldt meg i hovudstaden. Den eine var ei venninne frå Ørsta som eg plutseleg og veldig tilfeldig møtte på gata. Karoline, om nokon skulle lure. Den andre, kanskje ikkje fullt så uventa, var Anders.

Som den gentlemannen Anders er, så fekk vi ein guida tur rundt om i Oslo sentrum. Obligatorisk BurgerKing besøk måtte vi også ha klokka tre om natta. Det høyrer med. Etter å ha traska rundt om i sentrum og sett på livet eit par timar, bestemte vi oss for å reise heim. I firetida la vi Oslo bak oss og byrja på den lange vegen tilbake til Valdres, no med Hilde bak rattet. Etter nokre mil tok eg over, sidan eg tilsynelatande var den einaste vakne personen igjen i bilen. Med tre sovande jenter rundt meg, sette eg musikken på full guffe og sang med for å halde meg vaken. Vegen tilbake gjekk radigt, og klokka 06.30 var vi igjen tilbake på skulen i Leira.

Det blei heller dårleg med skileiken dagen derpå, men vi hadde i allefall tidenes roadtrip. Ikkje verst berre det.

Telemark

Du tek først fire timar med telemark valfag i solskinn og perfekt føre i bakken.

Et kongerike for en Lama

Løvenes Konge

Deretter ser du på to av dine yndlingsfilmar, Et kongerike for en Lama og Løvenes Konge med gode venar.

Fredrikke og Heidi

Så deltek du i Valdres-OL på Leira, i strålande veir og god stemning.

Vikersund

Etter det dreg du på World Cup i Vikersund og ser på laghopp og kombinert langrenn med ein gjeng frå skulen som tek heilt av med heiing og roping.

Anders

Så får du kjærasten din på impuls-besøk.

Telemark

I bakken

..Og tilbringer ein heil søndag i bakken med sol frå skyfri himmel og kongeføre.

Appelsin

For å få det ekstra bra tek du ei appelsin, skrellar den og et den i solveggen, samtidig som du solar deg.

Søndagsmiddag

Som ein siste finger på verket et du verdens beste søndagsmiddag, med verdens beste dessert.

Vips, så har du tidenes helg.

Rullestolen

Eg sette meg ned i rullestolen og kjende meg brått annleis. Frisk som ein fisk var eg, og ikkje var eg lam frå beina og ned heller, men akkurat i dag skulle eg leike som om eg var det. Akkurat i dag skulle eg sitje i rullestol heile dagen. Utfordringane var mange. Og store.

Psykologigruppa mi har i lengre tid planlagt eit prosjekt. «Å vere annleis» skulle gå ut på å enten vere blind, stum eller lam i ein heil dag. Alle hadde spesifikke oppgåver dei måtte løyse i løpet av dagen. Vi blei delt inn i grupper, to og to, og eg blei då lam og måtte sitje i rullestol.

Berre det å kome seg over dørstokken på skulen skulle vise seg å vere eit stort problem, men etterkvart klarte vi å meistre det meste. Det lette snøveret tidlegare på dagen hadde laga eit akkurat passe høgt lag med snø til at det skulle bli eit frykteleg styr for oss å kome oss rundt omkring. Første stopp var Leira kjøpesenter der vi skulle prøve sko og kle. Prøvinga gjekk greitt, betjeninga var overhyggelege og hjelpsame og eg følte meg nesten litt uvel av heile situasjonen, der eg sat heilt frisk som ein fisk i ein rullestol og lata som om eg var lam.

Turen gjekk vidare til andre plassar på Leira. Vi måtte ta mange omvegar for å kome fram til dit vi skulle og alt tok nesten dobbelt så lang tid som planlagt. Trapper kunne ikkje brukast, for bratte oppoverbakkar måtte vi unngå og slapsete fortau måtte vi halde oss vekke frå. Kva var igjen då? Nesten ingenting. Då dagen var omme var vi heilt utslitt.. Etter berre ein liten dag i rullestol, i forholdsvis gode verforhold og omgivnader, var vi rett og slett veldig utslitt. Det kunne til dømes ha vore mykje meir snø, det kunne ha vore 20 grader kaldare eller det kunne ha regna i tillegg. Men slik var det ikkje.

Gjennom dette prosjektet fekk vi eit lite innblikk i korleis det var å vere annleis, korleis det var å sitje i rullestol og korleis folk automatisk sette deg i bås når du sat i ein rullestol. Det var både lærerikt og spanande, men først og fremst var det oppsiktsvekkjande og ein verkeleg tankevekkjande kjensle å sitje i ein rullestol og bli behandla som om ein er dum eller ikkje forstår, når ein rett og slett berre må sitje fordi ein av ulike grunnar ikkje kan gå på beina slik som andre folk kan.

Eg trur denne dagen var bra for oss. Eg trur denne dagen gjorde at vi fekk eit ørlite innblikk i kor vanskeleg det kan vere å vere funksjonshemma, og kor viktig det er med tilrettelegging og tilpassing for funksjonshemma i dagleglivet. Alle skulle hatt slike dagar av og til.

« Nyare postar - Eldre innlegg »