
Dette er Heidi.
Bloggen min går stort sett ut på å skrive litt om små og store ting som skjer i livet mitt. Ikkje for å underhalde nokon, ikkje for å underhalde meg sjølv, men rett og slett berre fordi eg av og til blir litt skrivelysten. Heilt uprofesjonelt og amatørmessig. Men det er kjekt. Å skrive om livet og slikt. Og no når eg har flytta så kan jo folk halde seg litt oppdatert om livet og stoda mi også, om det er interresse for det.
Sånn ellers kan eg fortelle at eg er 20 år og kjem frå Ørsta på Sunnmøre. Har gått tre år på musikklinja i Volda med song som hovudinstrument, og eitt år på folkehøgskule i Valdres på linja Fairtrade-Nicaragua-Friluftsliv. No er det studentlivet i Bergen som er inn, og eg likar det. Ser lyst på studenttilværelsen og livet sånn ellers.
Lurer du på noko er det berre å rope ut, og eg skal svare deg etter beste evne.