Hei. Her er eg. Faktisk. Livet i smauet går som smurt. Men mykje å gjere fortida, derav lite bloggliv. Orsak pappa.. Men her kjem ei lita oppdatering på stoda.
For to veker sidan var eg heime i praksis på Morksenteret. Det var utruleg spanande og lærerikt. Kjekt å kome heim og slappe av også, etter nokre månader i storbyen. Ergoterapistudiane går det finfint med. Det er spanande og lærerikt og eg likar meg godt. Mange kjekke folk i klassa, og eit godt miljø. Storgledar meg (går det ann å skrive det?) til sju veker i praksis etter jul, og grur meg til eksamen 18. desember og 8. januar. Men det kan vi tenke på ein annan gong. Sånn ellers har eg byrja å trene aerobic eit par gongar i veka på studentsenteret, og har store ambisjonar om å bli sprek. Hehe. I tillegg blir joggerunda rundt Nordnes, kanskje ikkje flittig brukt, men iallefall brukt.
Livet ellers går i regn, regn, regn og regn. Men ein dag her for nokre veker sidan var det faktisk sol. Då nytta eg og Ingrid anledninga til å klatre ute på Helleneset. Det var ein hitt. Det var kanskje sol ein dag til, om eg ikkje tek heilt feil. Men då brukte eg dagen til å sitte inne og skrive oppgåve.


Sånn bortsett frå skulearbeid og regn går det i:

Massevis av bohnanzaspeling,

boklesing,


heving, baking

og eting.

.. pluss ymse sosiale aktivitetar og andre kjekke ting.
Tusen takk skal du ha!!! Godt at du tenkjer på din gamle far innimellom. Ha det godt så lenge og velkomne heim snart !
Så bra du trivast! Ikkje at eg tvilte på det, men det er alltid godt å få antakingar bekrefta.
Heftig heving! Du blir nok ei bra bakstekjering, som mor di;)
Så flink du er som klarar å trene innimellom alt som skjer! Eg prøvar også å bli sprek. Det fungerar sånn midt på treet. Men alt er betre enn ingenting!
Vi sjåast neste helg:) Ha det finfint så lenge og hels A. Klem