




No byrjar det endeleg å sjå litt heimekosleg ut i leiligheita vår. Igår hang eg opp nye gardiner, som forøvrig kosta 25 kroner pr. stk. på Åhléns. Eit kupp med andre ord. Etter ein liten tur på IKEA endte eg opp med ei del billige grøne planter og nokre puter som stod i stil med gardinene. Ein tur innom Fretex hadde vi også her ein dag. Det førte med seg ein del kjekke ting, nokre meir unyttige enn andre. Men det er bra med gjennbruk. Ein må tenkte litt på miljøet. TV-bordet til dømes, er eit gammalt skrap frå tidleg 80-åra, men med litt pussing og lakk så ser det nesten nytt ut. Det same gjeld eit lite hjørnebord vi har på stova og eit skrivebord på soverommet. Heftig korleis maling gjer susen altså. Barbordet vi har i hjørnet på stova er ei gammal hobbyplate som G. pussa og lakka. Og med ein barstol frå IKEA og ein liten leselampe så er det den perfekte arbeidsplassen. Bileta vi har på veggen av godaste Marilyn Monroe og Charlie Chaplin fann vi veldig billig på ei eller anna jalla-sjappe nede i byen. Men dei passa jo nokså bra inn eigentleg. Taklampen derimot, har eg varierande meiningar om. Av og til er den kjempekul, av og til hatar eg den. Men no er den for det meste kul. Trur det varierar med dagshumøret, eller så har eg berre blitt vant til den. Sofaen, bordet og taklampen var i leiligheita frå før, så vi kunne jo nesten ikkje kvitte oss med dei einaste tinga som var her. Sofaen og bordet fekk vi veldig billig fordi dei som budde her før svært gjerne ville bli kvitt dei. Bordet er i seg sjølv veldig stygt, men det gjer jo si nytte. Eit bord er eit bord, som A. ville ha sagt. Forsovidt litt enig der.. Kjøkkengardinene er gamle gardiner eg fekk av mamma, og den nydelige gamle krydderhylla på kjøkkenet fekk eg av M.
Oj, dette blei jo langt og uinteressant. Jaja. Poenget er iallefall at det kan vere veldig kjekt og bra med gjennbruk. Ja, det var vell rett og slett det eg ville fram til.. Men då får eg fortsette å fordjupe meg i studiane mine. Eller nei, no laug eg faktisk. Eg har aldri kome igong.. Då får eg byrje å fordjupe meg i studiane heiter det vell. Det er vell det studiedagar er meint for.. Det er denne vegringa over å gjere ting som er fornuftig. Idag har eg ein slik dag..
Å kjære meg! Dette ser jo reint magisk ut! Du får det til du! Eg kjem på besøk ein dag. Eg lovar.
Ja, det må du gjere. Eg lovar at eg kjem på besøk til deg også snart.
Det bordet va no’kje so stygt! Det he litt same stilen so “spisebordet” mitt her
Hehe, ja men til salongbord å vere so ekje det fint. Men det gjer si nytte.
Hei studenten! Ser kjempekoseleg ut! Akkurat slik det skal vere når ein bur i eit koseleg Bergenssmau;) Eg skal til Bergen te helga. Tid til ein liten visitt lørdagen el søndagen? Skal bu hos veninner og på 5årstreff med sjukepleieklassen. So gammal har EG blitt…
Hehe, ja kan ikkje bu på ein koslegare plass. Jepp, laurdag passar eigentleg veldig fint. Søndag skal eg ein tur i ishallen, men det er jo ikkje så lenge. Så det skal vi få til veit du. Koslig det! Kjenner du igjen gardinene forresten? Trur eg har sett dei ein plass før.. Hehe.
Jepp, har sett dei før. Veldig fine!
Og no har du jammen deg fått ein award og ei utfordring på bloggen min. Ta den om du vil!