Eg befinn meg no i Bergen. Dagen har stort sett gått med på å handle møblar og stæsj på IKEA. Den har også gått med på å montere desse IKEA-møblane. Det tek faktisk litt tid det. Men når ein har ein kjekk pappa så går det bra. Og når ein har ein kjekk mamma som vaskar i tillegg, så går det endå betre. Kva skulle ein ha gjort utan dei.. Det er fint å sjå at leiligheita byrjar å likne på slik ei leiligheit skal sjå ut. Eg gledar meg veldig til å flytte inn. Faktisk så sov eg i leiligheita saman med Stine i natt. Så no er den innvia. I allefall av meg (og Stine). Men uansett.. No er det ikkje mange dagane igjen til vi flyttar nedover for godt begge to. Eg og Anders altså, ikkje eg og Stine. Og eg har kome inn på ergoterapi på HiB også, så no blir det nok ergoterapeut av meg. Skal bli spanande å sjå korleis det går.. Nei, eg gler meg rett og slett.
En vakker dag skal eg nok leggje ut bilete av leiligheita, men om du skulle vere interessert i å vitje Trangesmauet sånn på ekte, så er du hjartans velkommen til det. Då er det rett og slett berre å følge dei oransje fotspora frå Cafe Opera. Dei fører deg nesten heilt til inngangsdøra. Det er litt kult eigentleg.
Joddamensan, såg bileter av leiligheita di–>prima! Stolt av at eg var med å innvie den, for å sei det sann:) Håper du har det bra?
Jess, det var stas! Jess, livet er veldig bra her i Bergen! Kor det går med deg då, Stine? Noko liv i Skien fortida?