Ja, no har det altså braka laust. Idag byrja Dei Nynorske Festspela i Ørsta og Volda. På Aasentunet var det ikveld opningskonsert med Aasmund Nordstoga, ei heidundrandes kjekk opning av festspela. Mange folk var samla, stemninga var god, og veiret var så fint som det kunne bli. Aasmund var forkjøla, men gjorde uansett ein strålandes jobb. Musikarane hans også. Veldig kule folk. Jess.
Dei komande dagane står altså ein heil haug med kjekke ting på programmet. Plateslepp med Arve Henriksen, konsert med BokkeReidars Blues Band, Stein Torleif Bjella og SideBrok, foredrag med Per Inge Torkelsen, Ragnar Hovland, Frode Grytten og Tove Bakke. Berre for å nevne noko. Og vil du lese programmet for dei komande dagane kan du gå inn her. Det blir rett og slett nokre kjekke dagar framover. Og i følge yr.no ser det ut til at fineveiret dukkar opp for anledning festspela også. Og det er jo ikkje så gale, det.
Dette blir bra.