No er det jammen meg lenge sidan eg har skrive noko her på bloggen. Har liksom ikkje hatt noko å skrive om. Men akkurat no, som mange andre gongar i det siste, kom eg til å tenkje på at det ikkje er lenge til eg skal flytte ut. Sånn på skikkeleg flytte ut, ikkje berre sånn folkehøgskule-flytte-ut. Det er heilt sjukt. Rett og slett. Og akkurat dette tenkte eg å skrive nokre ord om no.
For om litt over to månader har eg rett og slett flytta til Bergen. Bergen liksom? “Kva skal ein i Bergen, der regnar det jo berre..”, tenkjer du sikkert. Og ja, det gjer kanskje det, men eg trur det blir bra. Rett og slett. Eg gler meg til å kjøpe regnfrakk og støvlar og sykle til skulen kvar dag. Eg gler meg til å kome heim til leiligheita i Trangesmauet og sette meg ned i sofaen, kanskje sjå på TV, kanskje lese ei bok eller kanskje berre høyre på musikk og slappe av.

Ja, for eg har faktisk fått meg leiligheit. Saman med Anders. Og den ligg på Nordnes i Bergen. I idylliske omgivnader, med små kvite hus nede ved sjøen skulle ein nesten tru ein var på Sørlandet. Men den gang ei. Det er i Bergen. Ikkje la deg lure. Dessutan trur eg regnet minner ein på det nokså ofte. Morosamt at eg er så oppteken av dette regnet, men merkar at eg er veldig forberedt på det. Kanskje likså greit, så kan eg bli litt positivt overraska ovar at det faktisk ikkje regnar så mykje som eg trur det gjer..

Men i allefall. Eg gler meg. Eg gler meg til å flytte heimanfrå, til å byrje å studere, til å handle ting på IKEA og til å seie “oj, vi har ikkje ostehøvel”, “oj, vi har ikkje potetskrellar” eller “oj, vi har ikkje brødfjøl” lenge etter at vi trur vi har kome i orden. Det blir nok bra.
.. og du glømte å skrive i innlegget at du gler dej til å flytte til same by som systå!
Å få besøk ta hinne nesten kvar dag, ho skal passe på at alt går rett føre sej!
neida.. Men skal verte kjekt å få dej litt nærmare. So kan du få låne dissa tinga av mej, ej he vertfall det so trengs
Og ej skal invitere dokke på familiemiddag. Og du skal forresten få arve gamle-kaffitraktaren frå Svi&Kri.
Hehe, ja det gløymte ej å skrive.. med vilje.. Hehe, neida! So bra at ej kan låne ting av dej då, og bra med arv. Men funka den liksom? Hadde no vore kjekt å hatt en kaffitraktar som funka.. (Ikkje det at ej trenge en kaffitraktar som funka, men visse andre persona i huset + eventuelle gjestar hadde nok likt det..)
finnst ikkje beire traktar.. dersom en e glad i kaffegrut.. Gleda mej til å kome på besøk!
Å, Bergen e koselig! Det e noko heilt eget vettu, uansett det dårlige ryktet det har ein tendens til å ha her på austlandet:) Skal til Bergen i bryllup 30.juli. kva tid reiser de nedover?
Jess, eg skal faktisk mest sansynleg til Bergen helga 31.juli – 2.august. Skal du vere i Bergen lenge? Eg skal ikkje flytte skikkeleg før rundt den 15. august eller noko i den duren. Du då, har du det fint? Gler meg til du kjem heim på ferie!!
Du har mykje kjekt foran deg! Gler meg veldig til å komme på besøk i mitt gamle nabolag. Blir nesten nyforelska igjen berre av å tenke på det…