Det var ei mørk og kald natt. Bålet var utbrendt, og eg hadde krølla meg godt saman i soveposen. Ingen andre personar var å finne i den mørke skogen denne natta. Berre meg, soveposen og gapahuken min. Søvnen hadde tatt meg, og eg vakna brått av eittkvart som rørte seg utanfor presenninga. Kva var dette? “Drit i å kødd med meg”, tenkte eg med det første, men kom på at det ikkje var så mange personar rundt meg som kunne kødde med noko som helst, så eg fann ut at dette måtte vere noko anna.. Eg blei stiv av skrekk..
Ein ELG stod rett utanfor presenninga mi. Herre min hatt så redd eg blei. Elgar er store dyr..
Flaks læraren min ikkje nemnde at det har vorte observert mange tilfeller av bjørn på Leira den siste tida før etter at eg kom ned igjen. Eg hadde problem nok med å sove som det var.
Uæhh…Eg hadde sikkert tissa på meg. Jagde du den vekk? Klarte du å sove etterpå? Tøff du er som søv ute i den-store-skogen åleine…
Trudde det va berre edderkoppa du va redd ej?
Va det ein “kron”- elg, eller ein liten ein? – Fekk du tatt bilde, eller?
Hehe, ja eg klarte å sove igjen etter ei stund. Elgen jagde eg ikkje vekk, men rekna med han forsvant sin veg nokså fort.. Fekk ikkje tatt noko bilete nei. Det var alt for mørkt.