Klokka er 05.30. Eg sit oppe for andre natta på rad. Augene svir, hovudet verkar. Ein stor kopp med kaffi held i skrivande stund på å bli pressa ned medan reggaerytmer strømmer ut frå dataen i bakgrunnen. Æsj. Til kaffien altså. Eg sit på rom 55 på Skautun og jobbar. For eit himla styr! Heldigivs har eg godt selskap. Eg trur eg skal legge meg snart, men må nok stå opp om eit par-tre timar uansett. Nei, eg er vaken. Går heller ut og luftar meg.. Det byrjar å bli lyst ute.
PS. Minn meg på å ALDRI lage årbok igjen.