Perfektum partisipp er den enklaste fortidsforma. Denne verbforma uttrykkjer kva ein har gjort: He comido – Eg har ete.
Korleis dannar ein perfektum partisipp på spansk?
Jau, ein bøyer hjelpeverbet haber – å ha i presens + føyer til endinga -ado eller -ido til grunnstammen av verbet.
AR-verb får endinga -ado:
Hablar – å snakke. He hablado – Eg har snakka.
ER-verb og IR-verb får endinga -ido:
Comer – å ete. He comido – Eg har ete.
Recibir – å motta. He recibido – Eg har motteke.
Jepp. Så veit du det.
Og jada, eg veit eg er dårlig på blogg. Kjempedårlig. Men eg lovar deg, snart, snart, skal eg skrive om mitt særs interessante og innhaldsrike liv på folkehøgskulen og om alt det som har skjedd, når vi først er inne på perfektum partisipp.. Må berre få tid til å fordøye litt ting først. Alt skjer så fort. Men no er det i allefall ferie som er tingen, og det er deilig.
Eg reknar med at spansk kan oversetjast til nynorsk óg?
Nei, det går nok ikkje du. Spansk-nynorsk finns ikkje… Men eg skal sjå om eg kan bli den første til å innføre det. Orsak for den tabba. Verkeleg flaut og audmjukande dette.
..Og det såg med eitt mykje betre ut.
Hehe. Så bra! Men du tok meg på den hemjinga. Eg var så sikker i mi sak at eg ikkje gjorde research før eg gjekk ut med slik ein hard påstand. Men det står hemje i mi ordbok óg.
Og omsetjast er vel eit betre ord en oversetjast, som eg skreiv i den fyrste kommentaren.
Hjelp, dette ser berre vanskeleg ut..
Det er ikkje så gale
Takk alle gudene i himmelen for deg som blogger om dette, eneste forklaringa jeg har skjønt til nå, og enda bra den kom for jeg har prøve i morgen!
Takk!
Har en spanskprøve imorgen, så dette hjalp veldig :]
TAKK!!!! jeg har prøve i morgen, dette hjalp