Feeds:
Innlegg
kommentarar

Snølykt

Dette er kjekt

Kunstløp

Eg og Sissel tok turen til Bergenshallen for å gå på skeiser idag. Og eg seier det berre.. Snart får du sjå søstrene Ø. i vinter-OL, svevande over isen med elegante piruettar og grasiøse hopp. Berre vent å sjå. 2014. Då skjer det.

Årskavalkade

Året totusenogni byrja med ei fantastisk reise til vakre Latin-Amerika. På den nesten to månader lange reisa vart land som USA, Guatemala, Honduras, Nicaragua og El-Salvador utforska. Ein tur som seint vil verte gløymt. Året fortsette med ein heidundrandes vinter i Valdres med massevis av telemarkkøyring, samt andre kjekke folkehøgskuleting innimellom. Vinteren gjekk over til å verte vår, og tårene rann då folkehøgskuleåret var over. Flyttelasset vart køyrt heim til Ørsta, og sommarjobben på Aasentunet byrja. Innimellom omvisningane på tunet vart nokre av dei vakre fjella i Sunnmørsalpane bestige, og hytta flittig brukt. Mykje av tida gjekk med på å planlegge hausten. Turar til Bergen resulterte plutseleg i ei leiligheit med mange kasser i, og ei stk. smånervøs jente som skulle flytte ut på skikkeleg for fyrste gong. Leiligheita tok sakte men sikkert form, og  tilslutt vart det rett heimekoseleg der. Dei nye ergoterapistudiane vart påbyrja, og hausten var plutseleg over nesten før den hadde byrja. Jula nærma seg, og førebuingane tok til. Både til eksamen og til jul. Baking, pynting, laging og litt lesing. Eksamen vart endeleg historie, og juleferien heime i Ørsta eit faktum. Mat, speling, familiekos, venebesøk og enda meir mat gjorde juleferien til akkurat slik ein juleferie skal vere. Romjula tok slutt, og det gamle året gjekk over i eit nytt og ubrukt eit. Måtte totusenogti bli eit fint og innhaldsrikt år for alle og einkvar.

07:00

Dette er utsikta frå mitt vene stovevindague i skrivande stund, tidleg ein laurdagsmorgon i midten av desember. Det er snø i Bergen. Mykje snø. Heilt fantastisk. Men det er ikkje lenge eg får oppleve han, for om 45 minutt sett eg med på bussen heim til fagre Sunnmøre. Hurra, det er endeleg juleferie!

Førebuing

Det fyrste lyset er tent, og ventetida har byrja. Eg har brukt dagen til juleførebuingar, sjølv om eg eigentleg skulle ha gjort på alt anna enn det. Til dømes eksamensførebuing. Men pepperkakepynting, julepyntlaging, adventskalendarlaging og  julemusikk er mykje kjekkare.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive ynskjeliste i år.. Dessutan visste eg ikkje heilt kva eg ynskte meg. Men så dukka det plutseleg opp ein del ting likevel. Rart med det. Her kjem ei lita ynskjeliste, i vilkårleg rekkefølge.

- Ny tepresskanne. Den andre eg hadde har dessverre knust. Veldig trist..

- Sånn fin tavle som ein kan skrive beskjedar på med kvitt kritt.

- House, sesong 5 og utover.

- Brettspel. Ticket to ride Europe, til dømes. Eigentleg alle mulige brettspel.

- Raud iPod til inntekt for Global Found.  Evt. andre musikk-dingsar.

- Brødristar.

- Ein gitar, ein gris eller kyllingar frå Kirkens Nødhjelp.

- Bøker. Til dømes Pixley Mapogo av Tore Renberg.

- Ting frå Fretex.

- Perler og knappar.

- Gamle boksar med kjekke mønster

- Heimelaga, heimespikka eller heimestrikka ting.

- Svømmebriller og badedrakt

- Fairtrade-merka gåver. Fordi det er med på å forandre verda.

- Regnbukse. Helst ei som tåler vatn, i motsetning til den eg har.

- Regntrekk til 30-literssekk.

- Ein raud fin gammal sykkel med korg framme.

- Gåvekort på klemmar eller ein koseleg samakomst.

- Ullkle eller generelt kle som varmar.

- Nynorskordbok

Til slutt tenkte eg å seie noko eg har sagt før.. Å gi rettferdige julegåver er ein fin ting. Ikkje berre fordi rettferdige julegåver er kjekt for dei som får gåva, men også fordi vi er med på å skape betre omgivnader rundt oss. Vi er rett og slett med på å spare på jorda sine ressursar, og vi er med på å forandre verda. I den materialistiske verden vi lever i idag er det fint å kunne motarbeide kjøpepresset med ei litt annleis eller spesiell julegåve. Det kan ikkje seiast for ofte. Ha ei kjekk førjulstid. Gler meg veldig til å kome heim å sjå alle kjende og kjære igjen til jul. Det er jo julegåve nok i seg sjølv, det.

18:49

Eg sit på lesesalen. Fullstendig tom for konsentrasjon..

 

Ku?

 

Eg trur det er på tide å gå heim.

Eldre innlegg »